Velkomen 


 Produsentar
Her får du kjøpt Gudbrandsdalsmat
 Om oss  
 Kontakt 


NO KAN DU FINNE LOKALPRODUSERT MAT I BUTIKKANE I GUDBRANDSDALEN!
Les pressemelding frå Gudbrandsdalsmat 25. mars 2013
Ny produsent i Gudbrandsdalsmat: Huldreheimen Bakeri på Vinstra
Frå og med 1. januar 2013 er nystarta Huldreheimen Bakeri på Vinstra medlemmar i Gudbrandsdalsmat. Huldreheimen er eit tradisjonsbakeri beståande av tre damer frå Midt-Gudbrandsdalen. Alle tre har jobba i Coop Mega Vinstra og det var her dei fekk ideen til å starte bedrifta då dei stadig vekk høyrde etterspørselen etter rømmebrød, lefse og andre heimebakte varer. I første omgang er det rømmebrød og natronstomp dei leverer gjennom Gudbrandsdals-
mat. Dei satsar på å utvide sortimentet etter kvart. Huldreheimen Bakeri skal ha butikk i Nedregate 29 på Vinstra. Den skal vere ope tysdag, onsdag og fredag frå og med veke 8.




Ny matrapport frå Østlandsforskning
Østlandsforskning har på oppdrag frå Gudbrandsdalsmat og med stønad frå Noregs Forskningråd laga ein rapport om mat og matressursar i Gudbrandsdalen. Historia tek utgangspunkt i at dei enkelte matprodukt blir utvikla i eit samspel mellom landskapet og ressursgrunnlaget, samfunnsutviklinga globalt og lokalt, og enkeltpersonar si oppfinnsomheit. I rapporten finn du dermed ein del av historia bak tradisjonelle enkeltprodukt og rettar fra Gudbrandsdalen med fokus på Gudbrandsdalsmat sine produkt. Forfattarane av rapporten er Hans Olav Bråtå og Merethe Lerfald. Last ned rapporten her. (5.11.2012)


Gudbrandsdalsmat på Matstreif sept 2012
Vi hadde ein 27 meter lang stand midt på Rådhusplassen i Oslo med Mogard Gardsmat frå Skjåk, Stensgård frå Skjåk, Aukrust Gard og Urteri frå Lom, Brimi Sæter frå Lom, Valbjør Gard frå Vågå og Avdem Gardsysteri frå Lesja. Mange folk var innom for  smaksprøver, handel og matprat. På bilete ser de Ola Tangvik og Hans Brimi frå Brimi-Sæter.




SATSINGA PÅ LOKALMAT I NASJONALPARKRIKET VIRKAR

Rondane Nasjonalpark feirar 50 år i år. Fokuset på lokal mat dei seinare åra gjer at ein i sommar kan merke god auke i salget av lokal produsert mat til serveringsbedrifter som ligg i Nasjonalparkriket.
Les heile pressmeldinga frå Gudbrandsdalsmat
av 30.08.2012 her.




Flotte produkt frå grønsakshagen på Aukrust
Grønnsakshagen på Aukrust Gard og Urteri i Lom bugnar av salatar, friske urter og cherry tomat og det er ei glede for oss å selge dei flotte produkta til butikkar og serveringsstader!
Mor Åse - frå Avdem Gardsysteri
Avdem Gardsysteri har lensert ein ny ost.
Mor Åse har dei nå på Gålå handel, Måsåplassen, Coopbutikkane i Vågå, Vinstra, Ringebu og Hafjell - og i Oslo på Mat og Mer og Mors Matgleder.

Gull, sølv og bronse!
Under Norsk Gardsost si landsutstilling i Stavanger nyleg fekk Avdem Gardsysteri gull for Huldreost, sølv for Avdemkjuke og Avdemsgubb, bronsje for Avdemsprim. Holen Gardsysteri fekk bronsje for rømme. Les meir om kåringa på Norsk Gardsost sine heimesider her

Ekte fiskelykke frå Jotunheimfisk i Espedalen
Laurdag 22. juli hadde GD ein artikkel om Jotunheimfisk, ein av produsentane i Gudbrandsdalsmat. Frå fiskevatn i Espedalen blir det fiska sik og aure. Røykt sik og aure, gravd sik og kaviar er noko av produkta Jotunheimfisk og Ola Eggen kan tilby. Les heile artikkelen her.

ANNA STOFF OM GUDBRANDSDALSMAT
Gull til kokkeelevar frå Otta
Kokkeelevar frå Nord Gudbrandsdal Vidaregåande vant Østlandsmesterskapet 18. januar der tema var lokale matprodukt.
Les pressemelding frå Gudbrandsdalsmat her.


God salgsutvikling for Gudbrandsdalsmat
Salget av matprodukt gjennom andelslaget aukte med 60% i 2010 samanlikna med 2009. Til butikkar ligg salgsauken på heile 83%, mens til serveringsstader er auka på 54% samanlikna med året før. Les artikkel frå GD her. (07.02.2011)

Aukrust Gard & Urteri i svensk hageblad, Allt om Trädgård
(01.03.2011)
Her kan du lese og sjå bilete frå den økolgisk- og biodynmaisk drive garden til Ola Aukrust og familien i Lom. Gudbrandsdalsmat tilbyr mellom anna krydder, urter og teblandingar frå Aukrust.

Du finn meire informasjon om kva Gudbrandsdalsmat og våre produsentar har vore med på i vårt arkiv.Klikk her for å laste ned pdf.


Her kan du treffe oss

Daglegvarebutikkar
Kvar dag finn du eit utval av våre varer på Rema 1000 på Otta og i Lom. I tillegg har Gudbrandsdalsmat varer i dei fleste Coop-butikkar i Gudbrandsdalen og Løten/Stange/Brumunddalområdet.

Bondens Marknad
Vi er også på Bondens Marknad i Lillehammer og Oslo. Datoar for Bondens Marknad sjå her.

Følg oss på Facebook! Her legg vi ut nytt om demonstrasjonar av matprodukt i butikkar, nytt om produkt og produsentar, messer oa.

Sjå utklypp frå Nationen 13.09.2012
Gudbrandsdalsmat blir trekt fram som eksempel på at samarbeid mellom lokalmat-
produsentar er vegen og gå.
Matstreif på Rådhusplassen i Oslo 14.-15. september er også sak i dagens avis.


Stuttreist mat på Ekre, fra GD i sommer.

Klikk på linken for å sjå heile artikkelen om Nordre-Ekre Gård som serverer lokal mat.

Eigen kjøledisk med Gudbrandsdalsmat
Gudbrandsdalsmat har no ein eigen kjøledisk med eit stort utvalg av produkt frå produsentane i Coop Mega Vinstra.


Med hender og hjarte

Med hender og hjarte...
Gudbrandsdalsmat sitt eige oppskriftshefte med mykje godt og gode tips. Last ned her.




"Man kan ikke leve godt, elske godt eller sove godt uten å spise godt." Virginia Woolf


GUDBRANDSDALSMAT SA Skansen 7, N-2670 Otta tlf 975 68 805 post@gudbrandsdalsmat.no