Gudbrandsdalsmat
deltok 14.-25. januar 2010 på Grune Woche i Berlin
- Ei av verdas største mat- og landbruksmesser med 600 000
besøkande.
Gudbrandsdalen har sin eigen del av den norske standen og her er det
representantar frå Gudbrandsdalsmat BA, Opplæringskontoret
Brimikjøken SA, Nasjonalparkriket Reiseliv og Jotunheimen
Reiseliv desse dagane.
Lærlingane set saman nydelege smaksprøver av produkt fra
Gudbrandsdalsmat sine produsentar som blir solgt på standen.
|
 |
 |
GUDBRANDSDALSMAT
BA DOBLA OMSETNINGA FRÅ 2008 TIL 2009
Les
pressemelding her. |
|
 |
Gudbrandsdalsmatprodusentar
i Nrk-serie
Produsentane på Brimi-Sæter,
Hans
Brimi
og Ola Tangvik treff de i 7 tysdagar kl 2015 i Bygdeliv på Nrk1.
(15.01.10)
Her blir det glimt både frå livet på setra og
på garden.
|

|
 |
Avdemskjuke årets pultost i 2009
Avdem Gardsysteri deltok på Pultost- og akevittfestival på
Løten i 2009.
Der vart Avdemskjuke kåra til årets
pultost!
|

|
 |
Landsutstillinga for
Gardsost 2009
Gull til: Avdemskjuke og Gardsrømme frå
Avdem Gardsysteri og Rømme frå Holen Gardsysteri
Sølv til: Prim og fjelldronning frå Avdem
Gardsysteri og Pultost frå Holen Gardsysteri
Bronse til: Ekte sætersmør frå Brimi
Sæter og Ferskost frå Holen Gardsysteri
Gudbrandsdalsmat gratulerar sine produsentar!
|
|
 |
Fleire og fleire bestiller lokal mat!
Fleire og fleire serveringsstader og
butikkar
i Gudbrandsdalen og Lillehammer benytter seg av salgs- og
distribusjonsapparatet til Gudbrandsdalsmat for å få lokale
matprodukt i hyllene og i serveringa. I veke 29 gjekk det ut 70 kolli
med produkt samla frå mange av dei 20 produsentane i
Gudbrandsdalmat til 30 kundar. (29.07.09)
|
|
 |
Fleire Gudbrandsdalsprodukt ut i butikk
Gudbrandsdalsmat satsar på å
få fleire lokale varer i butikkane i sommar og legg i desse dagar
planar med Coop og Kjøpmannshuset (Joker og Spar).
Les
artikkel
frå GD 09.05.09 her. |
|
 |
Mat med mening
"Vi sett produksjon av lokal mat inn i ein heilheit der produkta,
kulturlandskapet og dyra skapar det unike produkt og den gode
historia".... seier Marianne Stensgård, styreleiar i
Gudbrandsdalsmat, i ein artikkel om Gudbrandsdalsmat i Coop sitt
magasin Gourmega nr 3 2009. Les
heile artikkelen her. (09.05.01)
|

|
 |
Nettverkssamling for Gudbrandsdalsmat 19.
februar
Over 20 andelseigarar var samla på
Fossehim i Lom og Bakeriet i Lom.
Tema for dagen var sal og marknadsføring av lokalmat og vidare
utviklingsarbeid i Gudbrandsdalsmat. Som avslutning på dagen var
det kurs i tilbereding av smaksprøver og enkle smårettar
for salg v/Morten Schakenda/Bakeriet i Lom. (23.02.09)
|

|
 |
Gull til Bjorli fjellmat
Bjorli Fjellmat har deltatt i NM for
kjøttprodukter og fekk gullmedalje for Grov kokt Bjorlimorr. Vi
gratulerer! (7.11.08
|
|