For oss er matproduksjon eit handverk forma av vår kultur, geografi og historie.

Den gode historia og den opprinnelege smaken.

smak mer norge.png

NETTBESTILLING FOR SERVERINGSBEDRIFT
 

Vi er i gang med å legge inn produkta våre i SMAKMERNORGE slik at dei som ønsker det, kan bestille på nett. Ein del produkt er allereie tilgjengeleg og vi tek sikte på å få lagt inn alt.

Du får tilgang til bestillingsystemet ved å gå inn på smakmernorge.no -> «Slik fungerer det» og sjå informasjon under «Bli kunde». Der ligger det et skjema som du fyller ut og sender inn, så får du brukernavn og passord av Tine.

 

Vi tek også mot bestillinger på telefon og mail som før og vil også fortsette med ringerunde til dei som ønsker det.
Dette kjem og som tilbod til butikkar ettekvart. Spanande!

SIGURD AVDEM ER NY STYRELEIAR I GUDBRANDSDALSMAT SA

 

Gudbrandsdalsmat SA er eit andelslag med 25 lokale matprodusentar i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalsmat vart stifta i 2006 og har i løpet av åra som er gått utvikla seg til den største salgskanalen for lokale matprodukt for småskalaprodusentar i dalen. Gudbrandsdalsmat driv sal av produkt til daglegvarebutikkar, spesialbutikkar og HORECA-marknaden i heile Noreg.

 

Årsmøtet for Gudbrandsdalsmat vart halde på Skype den 30 april 2020. Marianne Stensgård vart takka av som styreleiar etter å ha hatt dette vervet i heile 14 år! Marianne har gjort ein eineståande innsats for matnettverket og har vore med gjennom heile den rivande utviklinga lokalmat-Noreg har vore i gjennom desse åra. Marianne har hatt ei tydeleg stemme og har hatt eit brennande engasjement for at lokalprodusert mat skulle kome ut i butikkane og ut til serveringsstadene slik at produsentane har fått styrka sin produksjon og kunne ha utvikla seg. Eit samla produsentlag takka Marianne for den veldig gode innsatsen. Ho vil framleis vere produsent og levere produkt gjennom andelslaget i tillegg til å drifte Billingen Seterpensjonat, og ho går i mai også inn i den spennande stillinga som næringssjef i Skjåk kommune.

 

På årsmøtet vart Sigurd Avdem frå Avdem Gardsysteri på Lesja valt til ny styreleiar. Det er ei spennande tid for nettverket da også småskalaprodusentar av mat har merka godt nedgangen av sal av produkt til reiselivet pga koronavirus-situasjonen. Det blir viktig i fellesskap å få mange norske turistar til Lillehammer og Gudbrandsdalen i sommar. Saman med Visit Lillehammer og Nasjonalparkriket Reiseliv har Gudbrandsdalsmat lansert Matrutegudbrandsdal.no, som er ei reiserute som skal lede turistane til gode serveringsstader, utsalgsstader og produsentar. Denne satsinga er midt i blinken i reiselivssatsinga i den norske marknaden i sommar. Frå 1.mai blir nær 300 produkt frå Gudbrandsdalen å finne på Smakmernorge.no som er ein nettbestillingsportal for HORECA-marknaden og butikkar over heile landet, som TINE SA skal drifte, og dette vil gjere Gudbrandsdalsmat-produkt enda meir tilgjengelege! Det blir ei spennande tid framover å ta fatt på for det nye styret! Med gode produkt og dyktige produsentar skal vi vera med å bygga matnasjonen Norge!

 

Kontakt:

Anette Svastuen, dagleg leiar, tel 97568805, post@gudbrandsdalsmat.no

Sigurd Avdem tel 90095319

Marianne Stensgård tel 90941702

Bli med på ei reise i ekte og reine smaker gjennom Gudbrandsdalen!

Matrute Gudbrandsdal er eit samarbeid mellom Gudbrandsdalsmat, Nasjonalparkriket og Visit Lillehammer om vidareutvikling av gode lokale

mat- og drikkeopplevingar for våre gjester. Våre anbefalte spisestader og lokalmatutsalg oppfyller kriterier for matkvalitet og bruk av lokale råvarer.

Her får du kortreist mat med identitet basert på bærekraftig produksjon.

Logo og bilde/Cathrine Dokken.

Matrute%20Gudbrandsdal_logo_ramme_edited

GILLEBO SYSTU`N

Gillebo systu’n ligg solvendt til i Nordbygda i Øyer kommune. Drivar Ida Gillebo dyrkar kålplanter av brokkoli og blomkål i ulike fargar, og den spennande gourmetvarianten brokkolini. Sesongen 2020  planlegges prøvefelt med andre typer grønnsaker. Produksjon på gården forøvrig er slaktegris og grovfôrproduksjon.

Følg Gillebo Systu`n på Instagram:

  • Instagram

KOKKEKAMP/ELEVBEDRIFTSMESSE ER AVLYST!
Dette grunna Covid-19.


KOKKEKAMP/ELEVBEDRIFTSMESSE

Det er niendeklassingane i i seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja som tevlar i kokkekampen.
Datoen er satt til 28.april 2020! Vi gler oss!

 

Produktark frå produsentar

 

Veit du at vi har flotte produktark?
Her kan du lese om produkt og produsent.
Gudbrandsdalsmat ynskjer å fortelje historia bak maten.


Produktark frå Mogard gardsmat vart nyleg klart.


Klikk på biletet og ta ein titt!
 

Ring: 975 68 805

Gudbrandsdalsmat SA

Selsvegen 133
2670 Otta
Norge
(+47) 975 68 805
post@gudbrandsdalsmat.no

Ansatte

Anette Svastuen - dagleg leiar
Ingrid Vorkinn - sal / reknskap
Ingvild Brandlistuen - sal / lager
Anita Tofte - lager

Sosiale medier

  • Grey Facebook Icon
  • Grey Instagram Icon

© 2015 Gudbrandsdalsmat SA.