top of page

Gudbrandsdalsegg frå Skjåk!

Hønene frå Lunde gard på Fåvang har flytta til Nordigard Ramstad i Skjåk!
Vi leverer både til servering og butikk,
ta kontakt for bestilling!


 

Nettverkssamling på Toftemo

Små produsentar står sterkare samen.
Under nettverksmøtet sist veke vart  planar, rammer, mål og visjon for 2016 diskutert.
Å vere medlem i Gudbrandsdalsmat som andelseigar tyder eit sterkt nettverk, godt samarbeid, gode diskusjonar, felles ansvar og eit ynsje om å spre den ekte, lokale maten med den gode historia. Nydelig Gudbrandsdalsmat-lunsj på Toftemo.

 

Fjellsatsinga, Oppland fylkeskommune

 

Målet til prosjektet Fjellsatsinga var
"Verdiskaping og næringsutvikling".

 

Sjå kva satsinga har ført til hjå Gudbrandsdalsmat!
 

Gudbrandsdalsmat har vore på jubileumstur til Bosna Herzegovina.
 

Veka etter påske var 19 personer på tur i regi av Gudbrandsdalsmat. Vi besøkte Kroatia og Bosnia Herzegovina, og fekk sjå korleis ost, vin, skinke, honning -produksjon foregår. Vi fekk oppleve gode smakar hjå mange småprodusentar, og det var verkeleg ein lærerik tur.


 

Nynorsk næringslivpris til Gudbrandsdalsmat!
 

Gudbrandsdalsmat har fått tildelt Nynorsk næringslivspris 2015. 
Marit Aakre Tennø (i midten), leiar i Noregs Mållag, var i dag på Otta for å dele ut prisen. Styreleiar Marianne Stensgård (t.v) og dagleg leiar Anette Svastuen (t.h.) tok i mot på vegne av Gudbrandsdalsmat. 

 

Her er grunngjevinga for for prisen:

– Med sin medvitne språkbruk er Gudbrandsdalsmat med på å styrkje bruken av nynorsk i Gudbrandsdalen. Gjennom oppskrifter og produktark når dei ut til sluttbrukarar over heile landet, og all marknadsføring på den nasjonale marknaden synleggjer nynorsk som eit godt næringsspråk.

 

                                                                                  Sjå film frå tildelinga:

 


 

Ring: 975 68 805

bottom of page