top of page

Er du vår nye salsmedarbeidar?

foto- kristoffer mæle thuestad-13.jpg

Vil du vere med å styrke lokalmat-framtida i Gudbrandsdalen?

Har du teft for gode relasjonar, sans for orden og eit hjarte for lokalmat? Vi har ei spennande 50 % stilling ledig og kanskje er det akkurat deg vi leitar etter!

Gudbrandsdalsmat SA er eit andelslag eigd av lokale matprodusentar i Gudbrandsdalen. Vi driv med sal, marknadsføring og distribusjon av det beste av lokalmat – og står midt i ei utvikling med nye prosjekt, nye kanalar og nye samarbeid.

Vi er no på leit etter ein strukturert og engasjert medarbeidar som vil bidra til å styrke det daglege salet og sikre at varene våre kjem trygt og effektivt fram til kundane.

Om stillinga

  • Stillingstype: 50 % fast stilling

  • Arbeidstid: Måndag, tysdag og onsdag

  • Arbeidsstad: Otta

  • Oppstart: Etter avtale

 

Arbeidsoppgåver

  • Aktivt sal og tett kundeoppfølging

  • Mottak og behandling av bestillingar

  • Pakking og klargjering av varer til distribusjon

  • Samarbeid med produsentar og transportørar

  • Oppfølging i Rackbeat (ordresystem)

  • EPD-registrering og vareflyt

  • Kundekommunikasjon på e-post og telefon

  • Bruk av relevante verktøy som Excel, Outlook og sosiale medium

  • Bidra til drift av portalen Smak mer Norge

 

Kven er du?

Du er utadvendt, strukturert og likar å få ting gjort. Du trivst med mange kontaktpunkt i kvardagen og har eit hjarte for lokalmat, småskala produsentar og samarbeidskultur.
 

Vi ser etter deg som:

  • Er god på relasjonar og samarbeid

  • Har struktur og orden i arbeidskvardagen

  • Har teknisk forståing og kjennskap til digitale verktøy

  • Kan arbeide sjølvstendig og løyse utfordringar på eiga hand

  • Har fleksibilitet og evne til å «trø til» der det trengst

  • Har lyst til å vere ein del av eit dedikert og lite team

 

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfullt arbeid med stolte produsentar og unike produkt

  • Varierte og praksisnære oppgåver i eit aktivt miljø

  • Mogelegheit for påverknad og utvikling av eiga rolle

  • Lønn etter avtale

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med dagleg leiar Gro Mari Barkenæs på tlf. 91206608 eller e-post: post@gudbrandsdalsmat.no.

 

Søknadsfrist: 20. juli 2025

 

Send søknad og CV til post@gudbrandsdalsmat.no – vi ser fram til å høyre frå deg!

Ring: 975 68 805

Gudbrandsdalsmat SA

Selsvegen 133
2670 Otta
Norge
(+47) 47781550
post@gudbrandsdalsmat.no

Ansatte

Gro Mari Barkenæs - dagleg leiar
Anette Svastuen - sal og lager 
Ingvild Brandlistuen - sal
Anita Tofte - lager

Sosiale medier

  • Grey Facebook Icon
  • Grey Instagram Icon

© 2015 Gudbrandsdalsmat SA.

bottom of page