top of page

Vi gjer det enkelt for deg å handle lokalmat frå Gudbrandsdalen

Tilsette

TILSETTE

Anette Svastuen

Dagleg Leiar

Tlf: 975 68 805

 

GM_YR_011.jpg

Gro Mari Barkenæs

Sal  - Lager - fakturering

Tlf: 913 06 608

GM_YR_006.jpg
Anita_edited.jpg

Ingvild Brandlistuen 

Sal - Lager

Tlf: 992 77 434

Anita Tofte

Lager

Tlf: 951 81 926

Om Gudbrandsdalsmat

 

Gudbrandsdalsmat SA er eit andelslag med matprodusentar i Gudbrandsdalen. Andelslaget si oppgåve er å drive sal og distribusjon av produkt frå produsentane til butikk og servering. Hovudsalsområdet vårt er Gudbrandsdalen med Lillehammer, men vi sel og distribuerer varer til heile Noreg!

Med eitt kontaktpunkt, ein ordre og ei levering formidlar vi mangfaldet av varer som våre medlemar produserer.
Vi distribuerer varer via Tine. Bestill innan måndag og få varer levert torsdag/fredag same veke.

Om Gudbrandsdalsmat
Kva er eit SA (samvirkeføretak)?

 

Eit samvirkeføretak er ei samanslutning med hovudformål å fremje medlemane sine økonomiske interesser ved at desse deltek i føretaket enten som forbrukar, leverandør eller på liknande måte. Avkastninga vert stort verande i føretaket eller fordelt mellom medlemane på bakgrunn av deira omsetting i føretaket. Ingen av medlemane har personleg ansvar for føretakets avtaler.

Korleis bli medlem?

 

Desse kvalitetskriteria er satt for at matprodukt skal bli distribuert og markedsført gjennom Gudbrandsdalsmat SA:

 

- Produkta er produsert i området frå Lillehammer i sør , Skjåk i vest og    Lesja i nord

- Produkta har forankring i lokalt natur- og kulturgrunnlag

- Råvarene til produktet kjem frå det geografiske området nemnt over

- Primærproduksjon oppfyller krava i KSL

- Råstoff kjem ikkje frå dyr importert til Noreg

- Produksjon er basert på ei helsemessig og etisk grunntenking

- Råvarer som ikkje kan bli skaffa i region er norske, unntatt råvarer          som ikkje blir produsert i Noreg

- Produksjon oppfyller alle krava til IK-mat (internkontrollmat)

- Andelseigar har system for reklamasjonshandtering

Utsalsstader
 

Lurer du på kva butikkar som fører produkt frå Gudbrandsdalsmat eller kva hotell og restaurantar du kan nyte ekte Gudbrandsdalssmak?

 

Ta kontakt så hjelper vi deg!

 

Saknar du produkt i ein butikk nær deg? 

Tips oss!

UTSALSSTADER
KONTAKT

Vi har mottatt beskjeden din!

Ring: 975 68 805

bottom of page